Topp

Fin gjeng på leir

Endelig var det klart for ungdomsleir igjen, og denne gongen på Frænabu.

Fredagen (23/02) var det 23 spente og forventningsfulle ungdomar som møtte opp til ei helg fylt av gode samtalar, nye venskap, følelsar, spanande tema, mykje moro og ikkje minst gode bibeltimar, der Jesus var i sentrum.

Vi starta opp med å fordele ungdomane på rom, der dei sjølv fekk velje kven dei skulle ligge på rom med. Sjølvsagt så er det gutar for seg og jenter for seg. Etterpå var det kvelds etterfulgt av bli-kjent-samling. Seinare på kvelden var det kos og quiz pluss ei andaktstund der temaet var nåde.

Etter ei god natt søvn var det opp og hopp for ein ny spanande dag på leir. Nokre få av leiarane og ungdomane var oppe allereie kl 06.00 for å få med seg den siste øvelsen for menn under OL, nemleg 5-mila. Så var det duka for ein god frukost før den fyrste bibeltimen var klar. Temaet på denne leiren var ein slags fortsettelse frå forrige leir, «utfordringar blandt unge i dag». Marte Sofie Leithaug Guddal hadde ansvaret for timane. Her vart det snakka om blandt anna slaveri, missbruk, sex, pornografi, kroppspress, media osv. Korleis skal vi som kristne oppføre oss med alle desse utfordringane i dagens samfunn?

Dette er utruleg viktige ting som er utruleg viktig at vi som leiarar vågar å ta opp og snakke om.

Når bibeltimen var ferdig var det på med yttertøyet og opp til den flotte gapahuken som vi er så heldige å ha her på Frænabu. Her vart det grilling av pølser på bål, kjekke leikar og ei god sangstund inne i gapahuken. Ser ut til at dagens ungdom kosar seg ute.

Seinare på dagen hadde vi kiosk, leirfest med mykje moro og god taco-kvelds. Etterpå hadde vi noko som vi ikkje har så ofte på leir, nemleg «grill ein kristen». Dette er eit konsept som går ut på at ungdomane får utdelt nokre lappar der dei kan stille spørsmål om eigentleg kva som helst, men selvfølgeleg så skal dette vere spørsmål som er retta mot bibeltimane på leiren eller spørsmål i forhold til bibelen. Dette er heilt anonyme spørsmål som gjer at det kanskje er enklare å stille spørsmål som ein elles ikkje ville ha stilt. Vi som er leiarar les opp spørsmåla og prøvar så godt som vi kan å svare. Men her er det viktig å påpeike at vi ikkje har alle svara. Vi brukar bibelen som rettleiing og då tru vi at dei fleste får svar på det dei lurar på. Etter vi hadde haldt på med dettte ei stund var det over i andakts- og delekveld. På andakten var temaet «ha blikket festa på Jesus». Det vart ein flott og rørande delekveld med gode samtalar og masse bønn. Godt å samlast i lag med kvarandre og i lag med Jesus.

Natta kom fort og litt søvn måtte til før siste dagen på leir var klar. Søndagen bestod av god mat, flott bibeltime, rydding av rom og mange hadet-klemmar. Det er fantastisk å sjå det venskapet det er i denne gjengen på leir. Det betyr ikkje noko kven du er, kva bakgrunn du har eller kva du har gjort. Her er alle like viktige og verdifulle. Eg blir båe stolt og rørt når eg ser korleis ungdomane behandlar kvarandre. Med desse orda vil eg berre takke for ei fantastisk helg på Frænabu. Hjarteleg velkomne tilbake og må Gud velsigne dykk alle.

 

Mvh: Hans Ivar Leithaug Guddal

No comments yet.

Legg igjen en kommentar

Powered by WordPress. Designed by Woo Themes