Topp

Flott Familieleir på Frænabu

Helga 19.-21.jan var det igjen klart for familieleir på Frænabu.

Bildøy bibelskule var på turne rundt om i landet denne veka. Då var det veldig kjekt at dei også i år kunne ta turen opp til Nordmøre og Romsdal for å vere med på blant anna familieleiren. På førehand av leiren hadde bibelskuleelevane fått tilsendt programmet over leiren slik at dei kunne velje sjølv kva slags oppgåver dei ville ha. Det var veldig kjekt å oppleve at dei tok på seg ansvaret for nesten alt som skulle skje. For oss som har vore på dei fleste leirane dei siste åra så er det kjekt med nokre nye innspel frå unge og kreative Bildøyelevar.

Det var ca 45 deltakarar på leiren, fordelt på åtte familiar. Her fekk dei oppleve eit inkluderande og godt fellesskap. Leiren starta på fredagen, der fokuset vårt er at folk skal bli godt kjende med kvarandre. Laurdagen er den dagen det skjer mest på leir. Bibeltime for barna som bibelskuleelevane hadde. Etterpå var det bibeltime for dei vakse, der temaet var «tru i heimen». Desse vart haldne av lærar ved bibelskulen, Morten Torsvik. Samstundes var det aktivitetar i «klossen» for barna, der dei blant anna fekk hoppe i hoppeslottet. Vidare utover dagen var det båe sporløp som vart arrangert av T2 teamet og leirfest seinare på kvelden. Leirfesten var nok høgdepunktet for mange av barna. Kvelden vart avslutta med eit flott kveldsmøte med god song og fin andakt.

Søndagen var det tid for heimreise, men før det var det bibeltimar for båe dei vakse og barna. Barna fekk også denne dagen boltre seg i hoppeslottet, mens dei vakse tok seg av ryddinga. Leiren vart avslutta med eit herleg måltid med kjøttkaker til middag og gele til dessert.

Då er det berre å takke alle for ein fantastisk leir. Gud velsigne dykk alle

Med helsing frå leirsjefen HILG

No comments yet.

Legg igjen en kommentar

Powered by WordPress. Designed by Woo Themes